Til forsida Til artikkeloversikten Om hjørnet

Briseid, finansministeren
og sekstimarsdagen

av Magnhild Folkvord og Ebba Wergeland

publisert i Klassekampen 12. april 2012


Kristin Briseid spør med boka Likestillingslykke (Klassekampens bokmagasin 31.3.) kor langt vi eigentleg har komme med likestillinga mellom kvinner og menn slik den blir praktisert her i landet. Har vi greidd å fordela tida mellom arbeid, familie og resten av livet på ein god måte? Briseid har tru på kortare arbeidstid for både kvinner og menn, og viser til at sjølv finansminister Johnsen har uttalt seg positivt om sekstimarsdagen. Før han vart finansminister, rettnok.

La oss sjå nærare på kva han sa. Som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og nestleiar i Likestillingsrådet, uttalte han seg slik i 1982:

– Spørsmålet om sekstimersdagen må ikke reduseres til en forkortelse av arbeidstiden i tradisjonell forstand. Drivkraften er kravet om et endret samfunn – med et endret sett å leve på. I dette samfunnet er det naturlig at kvinne og mann tar samme ansvar for barn og hjem – og at begge har samme mulighet til å ta aktivt del i arbeids- og samfunnsliv. (T.B. Jamholt, K. Moksnes og B. Schultz. På dagsorden: 6-timersdagen. Oslo 1982).

I 2008 var Johnsen blitt fylkesmann. I boka Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma? (M. Folkvord og E. Wergeland, Oslo 2008) stadfestar Johnsen at han står ved det han sa i 1982:

– Har ikkje dei fleste av oss no nådd ein materiell velstand som gjer at vi kan stansa opp og ta ut livskvalitetsverdiar i staden for auka lønn? Og blir vi ikkje faktisk også nøydde til det i ein global og klimamessig samanheng?

No er Johnsen finansminister. Så langt har vi ikkje sett noko initiativ for å realisera dei gode måla, sjølv om det han sa i 1982 og 2008 er like sant om ikkje sannare.

I 2008 rekna Statistisk sentralbyrå ut for regjeringa at arbeidstida kunne reduserast stegvis fram til 30 timars arbeidsveke, tilsvarande sekstimarsdag, frå 2010, eller iallfall frå 2020. Det ville i 2050 gi eit brutto nasjonalprodukt (BNP) for Fastlands-Noreg, utan oljesektoren som var 5–10 prosent lågare enn utan arbeidstidsforkorting. Det høyrer med at SSB forventa eit BNP i 2050 som var meir enn dobla frå 2010. Så ein skulle tru vi hadde råd.

Nyleg la LO fram tal som viser at dersom all vekst i reallønn sidan1981 hadde vore tatt ut i meir fritid, kunne vi no klart oss med å arbeida tre dagar i veka.– Med lønnsnivå som i 1981 kunne Norge lett ha innført sekstimersdagen, skriv Aftenposten (31. mars).

Tretti år har gått sia stortingsrepresentanten Johnsen første gong snakka varmt for sekstimarsdagen. Sidan har BNP blitt meir enn dobla, samstundes som vi veit mykje meir om skadeverknadene av uvettig vekst. I 2010 ønskte om lag 70 prosent av befolkninga seg kortare arbeidstid framfor auka kjøpekraft (Infact/Framtiden i våre hender 2010). Både LO og fire store fagforbund – Fagforbundet, Nærings- og nytelsesarbeiderforbundet, Arbeidsmannsforbundet og Norsk Tjenestemannslag – har sekstimarsdagen på programmet. Kven nektar Johnsen som finansminister å førebu innføring av sekstimarsdagen, som han så seint som i 2008 gjekk inn for?