Til forsida Til artikkeloversikten Om hjørnet

Sekstimarsdag i krisepakka

av Ebba Wergeland

publisert i Dagsavisen 13. januar 2009


Finanskrisa har fått mange til å krevja politisk styring av marknadskreftene på viktige område. Kvifor ikkje stilla tilsvarande krav når det gjeld arbeidstida? Kan ikkje mindre etterspurnad etter arbeidskraft vera eit utmerka utgangspunkt for å forkorta normalarbeidsdagen?

Før finanskrisa sette andre saker i samfunnsdebatten på vent, melde forbundsleiar Jan Davidsen at tida var inne for å gjera alvor av sekstimarsdagen, mellom anna for å leggja arbeidsvilkåra betre til rette i slitsame kvinneyrke i offentleg sektor (VG 26.9.2008). Andre, mellom dei tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla, har varsla at sekstimarsdagen må bli den neste store velferdsreforma. Men først skal forsøka rundt om i landet drøftast på LO-kongressen i mai 2009.

I Dagsavisen før helga kunne vi lesa om norske verksemder der arbeidarar og arbeidsgivarar vart samde om å redusera arbeidsveka til tre eller fire dagar, med tilsvarande reduksjon i lønn. Dette er arbeidstidsforkorting utan lønnskompensasjon, heilt og fullt på eigarane sine vilkår. Det er å leggja alle kostnadene for arbeidsløysa på arbeidarane. Vi har til gode å sjå eigarane redusera krava til avkasting på investeringane sine tilsvarande.

Slik er det alltid når mange er på leiting etter arbeid. Under massearbeidsløysa på 1930-talet var arbeidsgivarane meir enn villige til å korta ned arbeidsdagen - så sant arbeidarane korta tilsvarande ned på lønnskravet. Mellom arbeidarane vart det eit spørsmål om solidaritet - dei delte på arbeidet. Men hadde dei først godteke lønnsnedslag, kunne dei i neste runde få beskjed om å forlengja arbeidsdagen for same lønn når marknaden endra seg. Det er ingen umogeleg tanke i dag heller. Sommaren 2004 gjekk Jens Ulltveit-Moe ut i media med framlegg om å auka arbeidstida i eksportindustrien til 40 timar i veka. Bakgrunnen var den vellykka kampen frå eigarne av Siemens i Tyskland, som fekk arbeidarane med på å auka arbeidstida frå 35 til 40 timar i veka, utan kompensasjon. Der det er arbeidsløyse, er det eigarane som bestemmer.

I 1931 fekk LO inn mange framlegg om sekstimarsdag til handlingsprogrammet. Mange meinte at ein også måtte godta lønnsnedslag for å få til ei deling av arbeidet. Men som organisasjon avviste LO lønnsnedslag. Fagrørsla sitt krav om sekstimarsdag i dette hundreåret er eit krav om seks timars normalarbeidsdag med full lønn, og det blir - som alle tidlegare arbeidstidsforkortingar - møtt med påstandar frå eigarsida om at det kostar for mykje.

Sist ei regjering her i landet drøfta arbeidstidsforkorting, var på 80-talet, med fallande konjunkturar. Ei utgreiing frå Victor D. Norman og andre økonomar, viste at det var økonomisk mogeleg både med lågare pensjonsalder og med sekstimarsdag, utan vesentleg endring av levestandarden. Ei ny utgreiing frå Statistisk sentralbyrå i 2008 viste at sekstimarsdagen også er økonomisk mogeleg i betre tider.

Med regjeringa si hjelp lar det seg gjera å ta dei første stega mot den neste store velferdsreforma. Det er ikkje pengane det står på, men viljen. Sekstimarsdag for alle kan gi eit samfunn der ein bruker mindre tid til produksjon for marknaden og meir tid til andre ting. Dette kan også bremsa noko på det private forbruket, og såleis vera ein del av den nødvendige omstillinga for å stabilisera klimaet.

Regjeringa kan invitera arbeidsgivarar i utsette delar av privat sektor til å prøva sekstimarsdag som eit alternativ til nedbemanning. Det krev mellom anna at regelverket for dagpengar under arbeidsløyse blir justert, slik at det blir utbetalt pengar sjølv om arbeidstidsreduksjonen ikkje er meir enn 20 prosent (mot i dag minst 50 prosent), slik det var tidlegare. Andre styringsreglar og økonomiske grep som trengst, kan eit kyndig byråkrati utforma dersom dei politiske signala er klare.

For å få fart på prosjektet, kunne Samferdsledepartementet bruka det som måtte vera att av påverknadskraft overfor verksemder som til dømes Posten, til å krevja at dei prøver sekstimarsdag istadenfor nedbemanning. Her kjem den nær føreståande liberaliseringa av posttenestene i EU kan henda som ei hindring.

I offentleg sektor kan sekstimarsdagen gi mange kvinner heiltidslønn for same arbeid som i dag er betalt med deltidslønn. Dette vil gi kommunane ein føremonn i rekruttering av kvalifisert arbeidskraft, og trekkja arbeidskraft frå andre underbetalte sektorar som varehandel og hotell og restaurant.

Dei tilsette må vera med på diskusjonen om korleis arbeidstidsforkortinga skal organiserast og gjennomførast. Da kan det vera nyttig å sjå på dei erfaringane som er gjort med sekstimarsdag dei siste åra. Tilsaman har bortimot 1.000 arbeidstakarar (kvinner og menn i privat og offentleg sektor) prøvd sekstimarsdag med full lønn i kortare eller lengre tid. Arbeidstakarane melder i all hovudsak om positive erfaringar. Dei blir mindre slitne, har meir overskott til både ting dei må gjera og ting dei har lyst til å gjera. For mange vil det vera lettare å stå i jobb til dei når pensjonsalderen dersom arbeidsdagen ikkje er meir enn seks timar. Det vil seia færre på uføretrygd og AFP. Sist, men ikkje minst, har både menn og kvinner gjort positive erfaringar med å få meir tid til heim og ungar.

Sekstimarsdagen gir ikkje lågare sjukefråvær. Den bidrar til eit arbeidsliv med rom for dei som gjerne vil stå i arbeid til pensjonsalder, men som med åra treng nokre fleire sjukefråværsdagar enn dei yngre og friskaste. Det må vel vera betre enn at dei hamnar på uføretrygd?

Men det er like greitt å seia det som det er: Dersom folk først får smaken på sekstimarsdagen, er det ein viss fare for at dei vil ha den også for framtida.